Kristne som lever i hemmeligheit - Åpne Dører veke 28
JUL 13, 2022
Description Community
About

Korleis er det å leve i skjul med trua si på Jesus? Dette gir Olaug Lillian Bjørke deg eit innblikk i gjennom dagens program. I første del ser ho tilbake på to år med pandemi, og særleg perioden der det var umogleg å samlast i kyrkjer og bedehus. Har desse erfaringane lært oss noko? Verdset vi muligheita til å samlast fritt i Jesu namn? For mange kristne er dette berre ein draum. Risikoen ved å bekjenne trua og bli ein del av ein kristen fellesskap er for stor. Likevel ser vi at mange hemmelige kristne etterkvart ikkje klarer å la være. Kabir er ein av desse. Etter fire år tenkte han: «Kvifor skal eg halde noko så fantastisk skjult for mine kjære?» Gud gav han mot til å dele trua si. Men det vart ikkje utan omkostningar. I programmet får du høyre om dei fire fasane i gudslivet til hemmelege kristne.

Comments