12 Poeng

12 Poeng

About

Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!

Available on

Community

143 episodes

The Witching Hour

Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske bidraget ER Trondheimsbasert, og det let som regel bra i eit par øyre frå Nardo. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

43m
Mar 05, 2024
Sjela ligg i puppane

Hanne har tydelegvis blitt bestefar sidan sist, og Lars sympatiserer med Erdoğan. Har podcastvertane våre gått heilt av skaftet? Følg med, og få litt Albania, Tsjekkia og Frankrike på kjøpet. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

36m
Feb 14, 2024
We did it, Joe!

Sjølv om første semifinale er i dag skal det teknisk sett vere mogleg å høyre denne episoden før det brakar laust. Altså er vi innanfor vårt mandat. Israel, Moldova, Slovenia og Portugal er landa, og etter det er det berre å krysse fingrane for at din favoritt går til topps! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

59m
May 09, 2023
Kaukasus og skrikeklem

Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga. Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasus er dagens destinasjon og Hanne og Lars er som vanleg klare med sine friassosierte tankar om det dei leverer. Thing is known. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

1h 11m
May 07, 2023
To doble og ein SOLO, blunk blunk, forstod du vitsen?

To duettar og ein Tyra Banks-protegé med rik far er tema i dagens episode. Lars har gløymt korleis ord fungerer og Hanne har ei rekke godt planlagte zingers som såvidt kan fortollast som humor. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

57m
May 05, 2023
Baltikøs™

Tre halvkeisame nummer blir sprita opp av to hilariøse programleiarar, og ein smådeppa kunstig intelligens. Vi besøker Estland, Latvia og Sveits i årers mest søkte ordspeltittel, takk til Hanne. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

1h 7m
May 02, 2023
Las islas bonitas

Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi tek derimot denne episoden som ei språkreise og lærer nye gloser på turen. Saksofon og korps og ein gratis terapitime får du på kjøpet! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

1h 11m
Apr 23, 2023
Kunstaktig prompaktig

Tre av dei meir kunstnarleg ambisiøse bidraga blir trygt og fagmessig handsama av våre to rutinerte programleiarar i dagens episode. Dei politiske tilhøva på Balkan, til dømes, føler vi at vi har full kontroll på. Kann er tilbake frå påskeferien og kan opplyse om at vi har mange episoder igjen av sesongen. Takk for tipset, Kanne, men desse episodebeskrivelsane må òg skrivast, og det tek jo tid. Dagens tur går til Tsjekkia med stoppestadar i Kroatia og Serbia. Kos dykk! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

1h 14m
Apr 17, 2023
Nå kommer barnetimen, hysj hysj hysj!

Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne. Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over det verste året i ESC og Hanne er ivrig etter tilbakemeldingar på eigne prestasjonar. Landa vi går gjennom i dag er Danmark, Hellas og Storbritannia. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

55m
Apr 13, 2023
Andra chansen

Nokre får berre ikkje nok av ESC! Vi snakkar om to tilbakevendande artistar, som begge har mykje å leve opp til. Og så miksar vi inn ein enerverande attenåring med ein rotete bodskap. Berre sånn for å bli ferdig med det liksom. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

57m
Apr 05, 2023
Endeleg skal Rocke-Hanne og Rocke-Lars få!

Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking! #Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message

1h 8m
Mar 31, 2023
Den nye podcasten til Sophie Elise. Neida.

Vi får celebert besøk, og du blir sikkert glad for å høyre at det ikkje er Sophie Elise eller Fetisha, men derimot Marièl og Martin, som er langt å foretrekke spør du oss. Vi snakkar litt om oåoå og Cèline, og deler ikkje synet på finsk techno. Men ellers vil vi karakterisere tonen som gemyttlig, for det meste. #Finland #Käärijä #Frankrike #LaZarra #Monika #Litauen --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 19m
Mar 17, 2023
Frygisk debut

I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og møter ein ny kollega. Hotellkapasiteten i Trondheim blir diskutert inngåande, på eit lokalgeografisk detaljnivå som sikkert er pirrande viss du ikkje er kjent i byen. Noko for ein kvar smak altså! #Norge #Alessandra #QueenOfKings #Irland #WildYouth #WeAreOne #Spania #Blanca #Paloma #EAEA --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 0m
Feb 22, 2023
Det er faktisk sesong 5 assa

Synst du vi er trege med å kome i gang? OK, kva har du tenkt å gjere med det då liksom? Vi tenkte oss det ja, berre sett deg ned og ta det du får, og ver nøgd med det. Fem sesongar baby! For å ta vare på vår eigen psykiske helse hoppa vi over MGP-dekninga i år og hoppar rett på djupt vatn med dei tre første bidraga som skal til Liverpool. Spoiler alert: Vinnaren i 2023 er ikkje med i denne episoden. Med mindre vi snakkar om ho som vinn kvart år: Kanne Kalse! #Albania #Belgia #Ukraina  --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 13m
Feb 06, 2023
Bakspeil -22

Vi vurderer årets Eurovisionveke og resultat dagen etter ESC-finalen 2022. Pluss: konkurranseresultat. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

46m
May 17, 2022
Kari og Dylan, siste par ut

Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka. Delta i konkurransen DU OGSÅ! --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

59m
May 09, 2022
Restegryte fra Middelhavet

Hellas, Nord-Makedonia og første semifinale i en one pot på lav varme. 12 poeng får sin egen spådame (kanskje en fast karakter i neste sesong???) og Lars snakker om foppall. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

53m
May 08, 2022
To gode naboar og ein til.

Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om nittitalsbandet Mr. President, vi snakkar om tonekjønn, øydelagde scener og Hurtigruta Carglass. Heng deg på i innspurten til ESC 2022! --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 9m
May 03, 2022
Fordums storhet

Tre tidligere kolonimakter får gjennomgå, selv om vi kanskje må innrømme at de leverer. Langeleik, hurdy gurdy, nye språk og annen passende og upassende tematikk behandles i denne episoden. Tenk bare hvis Luxembourg kunne tatt seg sammen og blitt med, så kunne denne episoden hett BeNeLux! --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 3m
May 01, 2022
I østen stiger etc.

Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt feil/klønete uttale av namn og anna snacks. Velkommen til Moldova, Polen og Ukraina. Rekn med dei opp- og nedturane i stemning det medfører. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 4m
Apr 30, 2022
Faga du hadde på skulen

Då du gjekk på ungdomsskulen, valde du engelsk fordjuping, tysk eller breton? I denne episoden tek vi for oss dei tre siste av dei fem store, Lars tek eit oppgjer med OL, Frankrike maksar morsmålsometeret og Tyskland leverer både hummar og kanari. Dessutan er England ei slags positiv overrasking. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

51m
Apr 11, 2022
Til veldig österland vill jag fara

Lars er for ein gongs skuld den positive i dette programmet, men har gløymt korleis alfabetet fungerer. Kanne, den megga, viser seg å vere antivaxer. Og vi skal så langt austover at dei antakelegvis allereie har stått opp i morgon. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

51m
Apr 06, 2022
Du gamla, du fria etc.

Vi deler grense med desse tre, men deler vi gleder, deler vi sorger? Deler vi det som betyr noko? Deler vi Eurovisionbidrag? Nei, så klart ikkje! Slutt med det tullet! Deling er for barnehageborn uansett. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 2m
Mar 29, 2022
Islands in the stream, that is what they are

Bli med oss på øyhopping og få med deg eit svært variert opplegg frå Island, Kypros og Malta. Frå Rachel McAdams-søstrene med mange og rare namn via kypriotisk dampande lengt til ei rikmannsdotter frå Malta som moglegens vann littegrann ufortent. Noko for, om ikkje ein kvar smak, i alle fall tre smakar sånn cirka. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

56m
Mar 23, 2022
Ovo je Balkan

Ei sunn sjel i ein sunn lekam føreset nok søvn, noko vi absolutt ikkje kan skilte med i denne episoden. Men vi kjem oss gjennom 3/5 av Balkan i dag, og det er Kroatia, Serbia og Montenegro som får prøve seg mot våre kritiske øyre - med blanda hell, kan ein vel seie. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

47m
Mar 15, 2022
Baltic bitch

Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer i år, og kven gjer ikkje?  --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 1m
Mar 07, 2022
Še sells sea šells by the sea šore

Ei episode som har hatt ein uvanleg lang redigeringsfase! I dag: tre land av forskjellig karakter, men med same forbokstav igjen! Konspirasjonsteori, gamle nyhende og blindt raseri er ingrediensar når vi tek turen innom San Marino, Slovenia og Spania. Episoden er tatt opp for ei veke sidan, og mykje har skjedd sidan då. Слава Україні! Героям слава! --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

52m
Mar 01, 2022
Iii!

Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølge. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

45m
Feb 17, 2022
Melodi? Grand? Men Prix blir det i alle fall.

Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK?  --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

42m
Feb 15, 2022
Early Bloomers

Nytt år, ny sesong, nye bidrag, nye segment! Lars driv og blandar presto og molto allegro som ein annan amatør, og Hanne lærer bort picolissimo italiensk. I denne episoden går vi gjennom dei tre første og hittil einaste bidraga til den internasjonale finalen: Intelligent Music Project frå Bulgaria med songen Intention, DOMI frå Tsjekkia med songen Lights Off, og Ronela Hajati frå Albania med Sekret. Er standarden for årets ESC høg eller lav, korleis blir dette? Har vi allereie funne årets vinnar? (Nei.) --- Send in a voice message: https://anchor.fm/12poeng/message

1h 3m
Jan 26, 2022