Radio Sunnmøre

radiosunnmore

About

Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre

Available on

Community

898 episodes

Kan barnet ditt sjå Stranger Things? Barnevakten 3222

Den populære grøsserserien på Netflix, men aldersgrense 16+, har barn og unge i hovedrollene, men passar ikkje nødvendigvis for dei yngre sjåarane. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, som får fleire henvendelsar frå foreldre om denne serien.

4m
Aug 11
The Convent_eit nyoppstarta retreatsenter på Nordmøre

For to år sidan tok Sina Saltbones over Normisjon sin leirstad på Kviskvik på Nordmøre. No er dette blitt til The Convent, som betyr å kome saman. Staden skal vere ein plass der ein kan kome for ei pause, for bøn og fellesskap om ein ynskjer det. Høyr intervjuet med Sina Saltbones som fortel meir om staden og korleis det heile vart til.

10m
Aug 11
Pavel - frå berykta fange til engasjert pastor

For eit par år sidan besøkte Olaug Lillian Bjørke Sentral Asia. Ein av Åpne Dørers kjerneverdiar er: «Vi er eit bibelfolk!» I dagens program får du høyre korleis dette kjem til uttrykk i stan-landa i Sentral Asia. Mina*er involvert i å dele evangeliet med barn og unge, og fortel korleis eit søskenpar på 8 og 12 år fekk bringe familien sin til tru. Det heile starta med at dei kom på eit barnemøte som Mina og den lokale pastoren arrangerte på landsbygda. I andre halvdel av programmet får du møte Pastor Pavel*. Du får høyre korleis eit russisk-koreansk nytestamente frå fengselsbiblioteket forvandla ein berykta fange til ein ivrig evangelist. No står Pavel igjen i fare for å hamne i fengsel, på grunn av si tru og teneste. Han seier: «Eg er trygg på at det er Guds vilje at eg tener han her. Det er min plass, også om Gud vil eg skal tene han i fengselet. Eg er ikkje redd. Min bekymring er kva som vil skje med familien min dersom eg blir tatt.»  Pavel ber om forbønn for sine kjære; kona og dei tre barna som er i alderen 3 -10 år. 

15m
Aug 10
Ålesund folkehøgskule startar skuleåret med færre elevar og tilsette

Ålesund folkehøgskule har i fleire år vore ein svært populær skule, der ein får oppleve både ei reise i livet og ei reiser i verda. Korona har satt sine begrensningar på sistnevnte, og det har gjort at søkartalet til skulen også har gått ned. Årets skuleår startar opp med færre elevar og færre tilsette, men rektor ved skulen Sven Sæther er ved godt mot.

7m
Aug 10
Haugerom i Ålesund - bønnemøter for menn

Kvar fredag kl. 0700 møtes nokre menn på Espresso House på Moa kjøpesenter i Ålesund for å be saman. Vidar Åsebø er initiativtakar til desse samlingane som vert kalla for Haugerom. Han fortel om godt fellesskap, kaffe med rundstykke og mange konkrete bønesvar. 

7m
Aug 09
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_090822

Ein flott sommar ligg bak med blant anna ei veke på Lyngdal bibelcamp, og ferie med familietid. Det fortel Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat. Vi får også høyre om nokre av planane for hausten, som startar med ei veke på Hermon høyfjellshotell. I vekas ord for dagen snakkar Irene om at Gud kjenner oss og kjem oss i møte med godheit. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

7m
Aug 09
Haugerom i Ålesund - bønesamlingar for menn

Kvar fredag kl. 0700 møtes nokre menn på Espresso House på Moa kjøpesenter i Ålesund for å be saman. Vidar Åsebø er initiativtakar til desse samlingane som vert kalla for Haugerom. Han fortel om godt fellesskap, kaffe med rundstykke og mange konkrete bønesvar. 

1s
Aug 08
KABA - Kristent arbeid blant arabere 30 år - del 2

Paul Johansen vaks opp som muslim i Egypt men møtte Jesus som ein ung mann. For 30 år sidan tok han initiativ til å starte eit arbeid for å spre evangeliet til den muslimske og arabiske verda. I år er KABA, Kristent arbeid blandt arabere 30 år og driv eit omfattande misjonsarbeid både gjennom  media og på andre område.  Alle ansatte i KABA har arabisk som morsmål, og dei har spisskompetanse på språk, kultur og religion. Slik er dei godt utrusta til å dele bodskapen om Jesus i den arabiske verda. Paul har sjølv opplevd å verte forfulgt for si tru, og veit kva det kostar for ein muslim å konventere til den kristne tru. Vi har snakka med han om KABA sitt arbeid og deira planer for framtida.

7m
Aug 08
KABA - Kristent arbeid blant arabere 30 år - del 1

8m
Aug 08
Kva er dine verdiar? Ord til ettertanke Hilde Gjengedal

Alle menneske har verdiar som styrer livet vårt. Dette er ting som er viktige for oss og som vi ønskjer skal vere med å prege livet vårt. Kva er dine verdiar, og kva er viktig for deg?  Dette er utgangspunktet når Hilde Gjengedal gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

7m
Aug 06
Kva verdiar har du? - Intervju Hilde Gjengedal Ord til ettertanke

Alle menneske har verdiar som styrer livet vårt. Dette er ting som er viktige for oss og som vi ønskjer skal vere med å prege livet vårt. Kva er dine verdiar, og kva er viktig for deg?  Dette er utgangspunktet når Hilde Gjengedal gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

5m
Aug 06
Kva er dine verdiar? Ord til ettertanke Hilde Gjengedal

Alle menneske har verdiar som styrer livet vårt. Dette er ting som er viktige for oss og som vi ønskjer skal vere med å prege livet vårt. Kva er dine verdiar, og kva er viktig for deg?  Dette er utgangspunktet når Hilde Gjengedal gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

8m
Aug 06
Kva er dine veridar? Ord til ettertanke Hilde Gjengedal

Alle menneske har verdiar som styrer livet vårt. Dette er ting som er viktige for oss og som vi ønskjer skal vere med å prege livet vårt. Kva er dine verdiar, og kva er viktig for deg?  Dette er utgangspunktet når Hilde Gjengedal gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

6m

60 + leir på Brusdalsheimen

Det er ein lang og god tradisjon å invitere til leir for eldre på Brusdalsheimen i august. I år er det Hilde Giske Lukkedal som skal vere leirsjef og ho kan love eit allsidig program, god mat og godt fellesskap. Det er mogleg å melde seg på og bu på Brusdalsheimen eller å kome innom på enkeltmøte. 

4m
Aug 04
Barnevakten 3122_Kjellaug Tonheim Tønnesen

Manglande opplæring gir det vanskeleg for foreldre å engasjere seg i bornas digitale kvardagsliv. Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, for å høyre meir om resultatet som har kome på ei ny undersøking.

7m
Aug 04
Dobling av elevtal for Sjøholt Folkehøgskule

I år har Sjøholt Folkehøgskule drive sommarhotell for fyrste gong, og det har vore godt belegg av turistar både frå Noreg og utlandet. No ser dei tilsette fram til eit nytt skuleår med dobla tal på elevar no når den nye skulen skal til på sitt andre skuleår. Nytt internat og nyoppussa hovedbygg, fleire nye linjer, og tilsette som har fått køyrd seg saman eit år ventar gjengen med nye elevar som kjem til Sjøholt når skulestart er om tre veker. Vi har tatt ein prat med rektor Lars Johan Klokk som ser fram til eit nytt skuleår på folkehøgskulen.

5m
Aug 02
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_020822

I sommar fekk Marit Stokken Berland delta på Justøya bibelcamp, og i vekas kvardagsprat fortel ho om fleire gode minner derifrå. Starten av sommaren vart litt annleis enn planlagt for Marit, då ettervirkningar av korona tok over kroppen hennar. I kvardagspraten delar ho eit trøystens ord til andre som også har opplevd det å bli satt litt tilbake.  Høyr hausten fyrste kvardagsprat med Marit Stokken Berland.

7m
Aug 02
Selja klostergard er åpna, eit steg nærare kloster på Selje

Olav Trygvasson fant levningane etter seljumennene og St. Sunniva i ei hole på Selje ved Stadt i år 997. I 2013 gjekk tre familiar saman og kjøpte ein gard på øya Selja, for å ha tomt til å gjenreise det gamle klosteret som benediktinermunkane bygde på staden for omlag 1000 år sidan. I juli 2022 vart Venneforeninga for Selja Klostergard skipa, og med det er ein eit steg nærare å få bygd opp at det gamle klosteret. Ragnhild Helena Aadland Høen er styreleiar for foreininga, og ein av dei som har fått eit kall frå Gud om å vere med å bygge opp at klosteret ytterst i havgavet mot Stadt. Det var på Selja den kristne kyrkja i landet vårt vart født, og Ragnhild Aadland Høen er overbevist om at det også vil vere her det heile startar når Noreg igjen skal vende seg til Gud. 

12m
Aug 02
SKRUK med sommarkonsert og nytt plateprosjekt

I 1973 starta Per Oddvar Hildre koret SKRUK, og framleis er han koret sin dirigent. No i starten av august er dei klare for ei ny plateinnspeling, denne gongen saman med ein folkemusikar frå Iran. I den samanhengen skal SKRUK ha sin einaste konsert denne sommaren, og det skjer i Herøy Kyrkje i Fosnavåg torsdag 4. august. Vi tok ein prat med Per Oddvar Hildre som framleis har stor motiviasjon til å drive med korarbeid.

7m
Aug 01
Vestnes kyrkje 150 år

I 150 år har kyrkja på Vestnes vore samlingspunkt for bygda både i sorg og glede. I løpet av våren og sommaren har jubileet vore markert på mange forskjellige måter, men det er no utover hausten at sjølve jubileumsfeiringa skal gå av stabelen. Soknerådsleiar i Vestnes, Håvard Skrede kan fortelje både om aktiviteten i kyrkja, og om jubileumsplanane framover.

7m
Aug 01
Marie Gudmestad kombinerer jobb i ImF Ung Sunnmøre og Skolelaget

Marie Gudmestad (22) får Jæren har det siste året vore ungdomsarbeidar i ImF Ung Sunnmøre. No får ho nye arbeidsoppgåver når ho går inn i ei kombinert stilling mellom ImF Ung Sunnmøre og Laget (Norges Kristelige Studet og Skoleungdomslag - NKSS). Vi har teke ein prat med Marie om kva forventningar ho har til sin nye jobb.

5m
Aug 01
Kvinneprosjekt i Sentral-Asia

For eit par år sidan var Olaug Lillian Bjørke på reise til Sentral Asia. Her møtte ho Vicky*, som dei siste åra har vore leiar for eit kvinneprosjekt i regionen.  Du får høyre om korleis kvinner får nytt liv og verdigheit gjennom hennar kreative undervisning, og kva dette har å bety for kvardagen og framtida deira. «Prosjektet er ikkje så viktig som menneska», seier Vicky – og forklarer korleis venskap og relasjonar byggast, og etterkvart gir muligheit til å dele evangeliet. Vicky er gift med Alex*, ein sentral kristenleiar i regionen. I programmet får du høyre korleis dette ekteparet kom til tru, og den heilt spesielle historia som førte til at dei bur der dei bur i dag. 

15m
Jul 27
På ein fotballbane i Hardanger - Dei forfulgte kristne del 35

For nokre veker sidan var Stig Magne Heitmann med ga ut boka Det gryr ein ny dag over Somalia. Her står frimodige kristne frå Somalia fram og fortel om sitt møte med Jesus og om si kristne tru. I dagens episode av Dei forfulgte kristne får vi høyre om korleis denne boka førte til eit møte med  20 somaliske ungdommar på ein fotballbane i Hardanger. Vi får også nokre gode råd om korleis vi på ein klok måte kan ta kontakte med menn, kvinner og born som kjem til Noreg frå land med heilt andre skikkar og kulturar enn det som er vanleg for oss.

10m
Jul 20
Ny rektor på Molde Folkehøgskole

Frå 1. august er Oddvar Sæter jr. klar for å innta rektorstolen på Molde Folkehøgskole. Sæter har arbeid i den kristne folkehøgskulen i nesten 30 år og det er difor ein erfaren person som skal leie folkehøgskulen i Molde inn i framtida. Vi tok ein prat med den nye rektoren for å høyre kva tankar han gjer seg om dei nye utfordringane som ligg framom.

6m
Jul 15
Ny kinodokumentar om Hans Nielsen Hauge

Etter fleire års arbeid er det endeleg klart for førpremiere på den nye dokumentarfilmen om Hans Nielsen Hauge. No i juli vises filmen mellom anna på Oase-stevnet og på Sommarstevnet i Sarons Dal. I Møre og Romsdal er Fosnavåg kino den einaste som har førpremiere på filmen, før den lanserast over heile landet til hausten. Vi har teke ein prat med regissør Harald Flem om korleis filmen har vorte til.

7m
Jul 14
Tavle dagar for Plussreiser AS

Med mange og store reisegrupper ute på tur passa det dårleg med flystreik også for Plussreiser AS. Vi tok ein prat med dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne som kan fortelje om hektiske dagar og at det meste har ordna seg med tanke på streik og kanselerte fly. Så langt har ingen av gjestane til Plussreiser vorte berørt av streiken, men det er hektiske dagar for dei tilsette midt i ferietida. Tilbakemeldingane fra dei mange som har vore i Oberammargau og sett pasjonsspelet der er positive, og no er det berre nokre få ledige plassar att hvis du vil få med deg årets spel. Aud Kindervåg Halsne har også nokre gode reisetips hvis du vil på tur til hausten.

7m
Jul 13
Kristne som lever i hemmeligheit - Åpne Dører veke 28

Korleis er det å leve i skjul med trua si på Jesus? Dette gir Olaug Lillian Bjørke deg eit innblikk i gjennom dagens program. I første del ser ho tilbake på to år med pandemi, og særleg perioden der det var umogleg å samlast i kyrkjer og bedehus. Har desse erfaringane lært oss noko? Verdset vi muligheita til å samlast fritt i Jesu namn? For mange kristne er dette berre ein draum. Risikoen ved å bekjenne trua og bli ein del av ein kristen fellesskap er for stor. Likevel ser vi at mange hemmelige kristne etterkvart ikkje klarer å la være. Kabir er ein av desse. Etter fire år tenkte han: «Kvifor skal eg halde noko så fantastisk skjult for mine kjære?» Gud gav han mot til å dele trua si. Men det vart ikkje utan omkostningar. I programmet får du høyre om dei fire fasane i gudslivet til hemmelege kristne.

16m
Jul 13
Irene Krokeide på plass på Lyngdal Bibelcamp

Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes har vore med på Lyngdal Bibelcamp kvar sommar sidan 1976. For dei er dette årets store høgdepunkt kor dei får møte att mange som dei har møtt på ulike møteaksjonar gjennom året som ligg bak. I år måtte Marit melde forfall på grunn av sjukdom, og Ivar Hennig Person har gått inn som vikar saman med Irene. Vi tok ein prat med Irene for å få ein stemningsrapport fra bibelcampen i Lyngdal.

7m
Jul 12